Fjell festning er eit tidlegare militært anlegg i Fjell kommune. Kjerna i festninga er eit underjordisk kompleks om lag 17 meter under bakken, med gangar i fleire retningar. I tillegg er det ei rekke synlege bunkarar og forsvarsstillingar i området rundt.
Festninga skulle forsvare krigshamna Bergen mot åtak frå vest, og var difor utstyrt med både sterkt antiluftskyts og kanona «Donner Felix». Ei av dei største kanonane langs norskekysten i den andre verdskrigen.
Applikasjonen opnar opp for kunnskap om festninganlegget: Applikasjonen gir deg kunnskapen om festninga slik du ser den i dag og ikkje minst det den gøymer.